Kristine Minde (fødd Kristine Wigdahl Hegland ) er ein norsk fotballspelar frå Bergen. Minde er midtbanespelar. Frå 2020 har ho spela for Rosenborg Ballklub Kvinner. Tidlegare har ho spelt for Linköpings FC, Arna-Bjørnar og VfL Wolfsburg.
Minde har spelt landslagsfotball for Noreg sidan 2011.«Kristine Wigdahl Hegland», profil hjå Norges fotballforbund. Besøkt 18. juli 2013. Ho var ein del av troppen som tok sølv i EM i fotball for kvinner 2013. Minde skåra det norske målet i opningskampen, der Noreg spilte 1–1 mot Island.«NFF TV: Seieren glapp i EM-åpningen», av Erlend Marius Aas, fra NFFs hjemmeside, 11. juli 2013. Besøkt 18. juli 2013.
Minde melde seg inn i Arna-Bjørnar i 2008 og var fast på laget i seks sesongar. Sidan 2014 har ho spelt på det svenske laget Linköpings FC og vunne ein nasjonal cupfinale og eit seriegull.
Minde landslagdebuterte under Fotball-VM 2011 mot Australia i Leverkusen. Sidan har ho ofte spelt venstreveng i det norske angrepet, såleis som i EM-finalen 2013 då Noreg tapte 0-1 mot Tyskland. Ho var også med i Fotball-VM 2015 i Canada og Fotball-EM 2017 i Nederland.
Merittar EM-sølv: 2013 Svensk cupmeister: 2015 med Linköpings FC Svensk seriemeister: 2016 med Linköpings FC
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristine Minde» frå , den 31. juli 2017.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Bergen