mini|Madeleine av Sverige er ei svensk prinsesse fødd i 1982.
Madeleine er eit kvinnenamn som er ei fransk form av Magdalena, eit namn som tyder 'frå Magdala'. Madeleine har svensk namnedag den 22. juli.
Madeleine var noko brukt i Noreg før det fekk eit kraftig oppsving i populariteten på 1980-talet. I 2017 var det 2 051 norske kvinner som hadde Madeleine som førenamn.
I Sverige blei det eit populært namn på 1970-talet, men popularitetsbølgja dalte mot slutten av 1980-talet. 31. desember 2009 hadde totalt 21 768 svenskar førenamnet Madeleine. I tillegg hadde andre variantar som Madelein, Madelene, Madelen, Madeléne og Madelén, totalt 10 864 personar.SCB Namnsök
Madeleinekake, eller berre madeleine, er også namnet på eit fransk bakverk.
Kjende namneberarar Madeleine Albright (f. 1937), amerikansk politikar og utanriksminister Madeleine Peyroux (f. 1974), amerikansk jazzsongar Madeleine av Sverige (f. 1982), svensk prinsesse Madeleine Giske (f. 1987), norsk fotballspelar
Madeleine Béjart, fransk skodespelar Madeleine Boullogne, fransk målar Madeleine Brès, fransk lege Madeleine Carroll, brittisk skodespelar Madeleine Gustafsson, svensk forfattar Madeleine Leijonhufvud, svensk professor i strafferett Madeleine L'Engle, amerikansk forfattar Madeleine McCann, forsvunnen jente Madeleine de Puisieux, fransk forfattar og feminist Madeleine Pyk, svensk kunstnar Madeleine de Scudéry, fransk forfattar Madeleine Stowe, amerikansk skodespelar Sophie Madeleine, britisk ukulele-artist
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Madeleine» frå , og «Madeleine» frå den 30. juli 2017.
Kategori:Franske førenamn Kategori:Kvinnenamn