Jerry Lee Lewis er debutalbumet til den amerikanske musikaren og rock and roll-pioneren Jerry Lee Lewis. Det kom ut i 1958 på Sun Records. Albumet inneheld hitten «High School Confidential», men produsenten Sam Phillips tok ikkje med dei større hittane hans som «Great Balls of Fire» og «Whole Lotta Shakin' Going On». Albumet vert stundom kalla High School Confidential.

På baksida av plateomslaget er eit stort bilete av sjefen i Sun Records, Sam Phillips, som ser på Lewis ved pianoet i det kjende studioet hans i 706 Union Avenue i Memphis i Tennessee. Phillips, som då arbeidde med å marknadsføre den siste stjerna si, Lewis, skreiv òg i plateomslaget at Lewis «vert rekna som sjølve personifiseringa av rock and roll.»

Cub Koda skildra utvalet på Jerry Lee Lewis som «ei rar blanding» som «manglar mange av dei beste songane hans», men at albumet likevel var «ein glimrande debut»

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jerry Lee Lewis (album)» frå , den 27. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jerry Lee Lewis på Rate Your Music Jerry Lee Lewis på Discogs

Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Debutalbum frå 1958 Kategori:Sun Records-album Kategori:Album produserte av Sam Phillips Kategori:Musikkalbum spelte inn i Sun Studio