Silje Jørgensen () er ein norsk tidlegare fotballspelar, fødd i Kristiansand, som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney.
Jørgensen var midtstoppar i 43 landskampar i tida 1996-2001 og skåra to mål. Ho deltok både i Fotball-VM 1999 i USA, der Noreg tapte bronsefinalen mot Brasil etter straffesparktevling, og i Sommar-OL 2000. I OL-turneringa spelte ho heile OL-finalen då Noreg vann på «golden goal» mot USA.
I 1995-sesongen spelte Jørgensen på IL Haugar. Frå 1996 til 2001 var ho aktiv på toppserielaget Klepp IL, der etter spelte ho på høvesvis Austrått og Nærbø IL i lågare divisjonar.
Merittar Olympisk meister: 2000
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silje Jørgensen» frå , den 23. juli 2017.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Kristiansand