Edgar Vernon Blanchard () var ein USA-amerikansk R&B-gitarist, bandleiar og arrangør og var viktig i musikkmiljøet i New Orleans mellom 1940- og 1960-åra.

Han var fødd i Grosse Tête i Louisiana Bob L. Eagle, Eric S. LeBlanc, Blues: A Regional Experience, ABC-CLIO, 2013, p.173 og lærte seg å spele både gitar og banjo. Han var stasjonert i Europa under andre verdskrigen, og då han kom attende starta han sitt eige band, The Gondoliers, kalla opp etter minne om tida si i Italia. I 1947 vart han bandleiar ved klubben Down Beat på Rampart Street i New Orleans, med Roy Brown som ein av vokalistane og Ernest McLean som andregitarist. Colin Larkin, «Edgar Blanchard», The Virgin Encyclopedia of The Blues, Random House, 2013 Biography, AllMusic.com. Henta 19. juli 2017

Blanchard var i studio første gongen i Houston i Texas i 1949, for Don Robey sitt Peacock Records, men innspelingane hans selde dårleg og han kom attende til New Orleans der han med Dave Bartholomew spelte på Dew Drop Inn. Han var i studio med Roy Brown, og spelte med andre musikarar og songarar som spelte inn musikk i New Orleans tidleg i 1950-åra, som Big Joe Turner, Ray Charles og Professor Longhair for Atlantic; Lloyd Price og Little Richard for Specialty; og Paul Gayten, Eddie Bo og Clarence «Frogman» Henry for Chess.Dan Phillips, «For Your Dancing Pleasure, The Gondoliers», Home of the Groove, March 3, 2006. Henta 19. juli 2017

Han spelte inn eit dårleg motteke album, Let's Have a Blast with the Gondoliers, i 1961, og fortsette å spele med bandet sitt på klubbar i New Orleans til midten av 1960-åra.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Edgar Blanchard» frå , den 19. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Diskografi

Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Musikarar frå New Orleans Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-gitaristar