Angela Voigt, fødd Schmalfeld, () var ein tysk friidrettsutøvar frå Weferlingen i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976. Ho tevla for Aust-Tyskland.

Aktiv Angela Schmalfeld satsa fyrst på mangekamp og vart i 1973 nummer to i den austtyske meisterskapen. Vedvarande skadeplager førte til at ho frå 1974 konsentrerte seg om lengdehopp. Ho vart nummer to i øvinga ved innandørs-EM i Göteborg våren 1974 og kom på fjerdeplass under EM i friidrett 1974 i Roma, tre centimeter unna bronsevinnaren.

Den 9. mai 1976 sette ho som Angela Voigt ny verdsrekord i lengdehopp med 6,92 meter under eit stemne i Dresden. I dei olympiske leikane i Montreal i juli månad tok ho i finalen leiinga med eit hopp på 6,72 m, noko som skulle vise seg å halde til gull. Etter å ha vorte mor i 1977 kom Voigt tilbake i 1978-sesongen og berga EM-sølv med eit hopp på 6,79 m i siste omgangen.

Voigt var aktiv til 1982, men makta ikkje å kvalifisere seg til korkje OL 1980 eller EM 1982.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Nr 4 – 6,56 m OL 1976 i Montreal: Gullmedalje 6,72 m, framom Kathy McMillan (6,66 m) EM 1978 i Praha: Sølvmedalje – 6,79 m, bakom Vilma Bardauskienė (6,88 m)

Voigt døydde i Magdeburg etter kort tids sjukdom.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Angela Voigt» frå , den 16. juli 2017.

World Athletics

Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976