«Sixteen Tons» er ein song om ein kolgruvearbeidar, basert på livet i kolgruvene i Muhlenberg County i Kentucky. Han vart skriven og først spelt inn av Merle Travis i Radio Recorders Studio B i Hollywood i California den 8. august 1946. Cliffie Stone spelte bass på innspelinga. Det var den første utgjevinga til Capitol på albumet Folk Songs of the Hills (juli 1947). Singelen selde til gullplate.
Linja «You load sixteen tons and what do you get? Another day older and deeper in debt,» kom frå eit brev skriven av broren til Travis, John. Ei anna linje kom frå faren deira, som var gruvearbeidar, som sa «I can't afford to die. I owe my soul to the company store.»
Ein versjon frå 1955 vart spelt inn av Tennessee Ernie Ford og gjekk til topps på Billboard-lista, medan ein annan versjon av Frankie Laine berre vart gjeven ut i Vest-Europa, der han gav konkurranse til versjonen til Ford.
25. mars 2015 vart det annonsert at Ford-versjonen skulle innlemmast i Library of Congress's National Recording Registry.
Forfattarskap «Sixteen Tons» er berre tilskriven Merle Travis på alle innselingar og er registrert i BMI som ein Merle Travis-komposisjon. George S. Davis, ein visesongar og låtskrivar som hadde arbeidd i gruvene i Kentucky, hevda på ei innspeling for Folkways Records i 1966 å ha skrive songen som «Nine-to-ten tons» i 1930-åra.John Cohen, liner notes to the album George Davis: When Kentucky Had No Mining Men (Folkways FA 2343, 1967) Han hevda òg forskjellige gonger å ha skrive songen som «Twenty-One Tons». Det finst ikkje bevis for påstanden til Davis.https://www.steynonline.com/4434/sixteen-tons
Andre versjonar Tennessee Ernie Ford spelte inn «Sixteen Tons» i 1955 som B-sida til sin versjon av Moon Mullican-songen «You Don't Have to Be a Baby to Cry». Med knipsinga til Ford og eit unikt klarinettbasert poparrangement, vart han raskt ein millionseljar. Songen gjekk til topps på Billboard country-lista i november og låg der i ti veker, før han gjekk over til poplista og låg på toppen av den lista i åtte veker, og slo den konkurrerande versjonen til Johnny Desmond. I Storbritannia konkurrerte versjonen til Ford med versjonar av Edmund Hockridge og Frankie Laine. Likevel vart Ford-versjonen meir suksessrik og låg fire veker på toppen av UK Singles Chart i januar og februar 1956.
Laine-versjonen vart ikkje gjeven ut i USA, men selde godt i Storbritannia. Ford-versjonen kom ut 17. oktober og hadde seld to millionar eksemplar innan 15. desember same året.
Songen er blitt spelt inn på plate eller framført på konsert av mange musikarar:
Andre språk Armand Mestral gav ut ein fransk versjon kalla «Seize tonnes» i 1956. Ein tysk versjon av songen kalla «Sie hieß Mary-Ann» vart gjeven ut av fleire artistar i 1956 og 1957, mellom andre av Ralf Bendix og Freddy Quinn. Ein spansk versjon, «16 Toneladas», vart spelt inn av den katalanske songaren José Guardiola og vart ein hit i Spania og Latin-Amerika i 1960.Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st ed.). Spain: Fundación Autor-SGAE. . Ein italiensk versjon av I Giganti frå 1968. Den brasilianske komponisten Roberto Neves skreiv ein portugisisk versjon, «Dezesseis Toneladas», først spelt inn av Noriel Vilela i 1971.Mugnaini Jr.. Enciclopédia das músicas sertanejas (2001, ), p. 42 Adriano Celentano gav ut ein italienskspråkleg versjon, «L'ascensore» i 1986. Ein versjon kalla «靜心等» (Jìng Xin Deng) er ein kjend hit i Taiwan, tolka av den kinesiske songaren Zhang Lu og av Teresa Teng. Det ungarske bandet Republic spelte inn ein versjon i 1998 kalla «Tizenhat tonna feketeszén» på albumet Üzenet. Finske Turo's Hevi Gee gav ut ein versjon på albumet Ei se mitn! kalla «Velkavankilaulu» i 1999. Det serbiske hardrockbandet Riblja Čorba gav ut ein versjon i 1999 kalla «16 noći» på albumet Nojeva barka. Den ukraniske visegruppa Ot Vinta! gav ut ein versjon på ukrainsk i 2013. Ei mexicansk gruppe, Hermanos Barron frå Monterrey spelte inn songen i 1980-åra som «16 Toneladas». Ein svensk versjon («Sexton ton») vart spelt inn i 1956 av Cacka Israelsson og gjeven ut som B-sida til singelen «Tro och Kärlek». Han vart omsett til svensk av Ingrid Reuterskiöld. Ein annan svensk versjon («Sexton ton») vart spelt inn i 1970 av Gunnar Wiklund. På norsk er songen kjend som «Seksten tonn». Han er vorten gjeven ut av Aasmund Nordstoga, Tove Bøygaard, Vind i gardhol og Dizzie Tunes.
I populærkulturen John Denver spelte ein golf-parodi av songen kalla «18 Holes» i 1997.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sixteen Tons» frå , den 11. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1946 Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:Songar skrivne av Merle Travis Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Songar om arbeid Kategori:Merle Travis-songar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:The Platters-songar Kategori:James & Bobby Purify-songar Kategori:Eric Burdon-songar Kategori:Red Sovine-songar Kategori:B.B. King-songar Kategori:Eddy Arnold-songar Kategori:The Weavers-songar Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:Jimmy Dean-songar Kategori:Harry Nilsson-songar Kategori:Lorne Greene-songar Kategori:Stevie Wonder-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Jerry Reed-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Charlie Daniels-songar Kategori:Leon Russell-songar Kategori:Stan Ridgway-songar Kategori:Eels-songar Kategori:LeAnn Rimes-songar Kategori:Robbie Williams-songar