«T-R-O-U-B-L-E» er ein song skriven av Jerry Chesnut og spelt inn av Elvis Presley i 1975. Det er ein annan song enn «Trouble», ein song Presley først spelte inn i 1958.

Bakgrunn og låtskriving Jerry Chesnut skreiv songen i 1975, inspirert av songaren og pianisten Little David Wilkins. Han sa at då han skreiv tittelen, tenkte han på ei kvinne som kom inn døra og skapte trøbbel. Han sa at han stava fram orda «trouble», så «alone» og «looking», og fann ut at dei rimde på kvarandre når dei vart stava.

Lister Liste (1975)Plassering

Travis Tritt-versjonen

Songen vart spelt inn i 1992 av den amerikanske countrysongaren Travis Tritt. Det var den tredje singelen frå albumet same namn. Singelen nådde 13. plassen på countrysingellista i USA og 17. plassen i Canada.

Musikkvideoen vart regissert av Jack Cole. Her ser ein Tritt syngje songen på scenen føre eit stort publikum. Seinare hoppar han ut i publikum for å leite etter ei jente.

Lister Liste (1993)Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «T-R-O-U-B-L-E (song)» frå , den 25. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Travis Tritt-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Songar skrivne av Jerry Chesnut Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar