Son kulturkyrkje (Son kulturkirke) er ei kyrkje i Vestby kommune frå 2014.
Dette er ei fleirbrukskyrkje nær Son sentrum. Ho vart teikna av Kvernaas Arkitekter og oppført av Hersleth Entreprenør.Byggeindustrien om Son kulturkyrkje Kyrkja er for det meste av mur, men har òg treverk i fasaden. Etter at Såner kyrkje brann i 1995 og ei ny kyrkje vart bygd i 2000, hadde det lege i korta at det skullekome eit fleirbruksbygg i Son i tillegg til seremonikyrkja i Såner, men finansieringa kom ikkje på plass før i 2011.Om Son kulturkyrkje
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Son kulturkirke Kvernaas Arkitekter om Son kulturkyrkje
Kategori:Kyrkjer i Vestby Kategori:Kyrkjer i Søndre Follo prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2014