Tøyen stasjon er ein T-banestasjon på Tøyen i bydel Gamle Oslo i Oslo, og den austre stasjonen på fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum av byen, der Majorstuen stasjon er den vestlege. Frå Tøyen stasjon går linene Ringen og Grorudbanen i tunnel nordover, og Furusetbanen, Lambertseterbanen og Østensjøbanen i tunnel austover. I tillegg til kvar av plattformene for austgåande og vestgåande tog, har stasjonen ei særskild plattform for tog mot sentrum som kjem frå Grorudbanen og Ringen.

mini|venstre|Tøyen stasjon på T-banen

Stasjonen vart opna i 1966 som ein lekk i T-banenettet for dei austlege delane av Oslo. Det er nedgang til stasjonen i nærleiken av senteret på Tøyen, Tøyen torg. Frå stasjonen er det gangavstand til Botanisk hage, Munchmuseet og Tøyenbadet.

Sjå òg Tøyen haldeplass for tog på Gjøvikbanen

Bakgrunnsstoff

Kategori:Furusetbanen Kategori:Grorudbanen Kategori:Lambertseterbanen Kategori:Østensjøbanen Kategori:Fellestunnelen Kategori:Skipingar i 1966 Kategori:Tøyen Kategori:T-banestasjonar i Oslo Kategori:Peer Qvam