«You Gave Me a Mountain» (stundom «Lord, You Gave Me a Mountain») er ein song skriven av countryartisten Marty Robbins i 1960-åra. Han har blitt spelt inn sidan av mange artistar, inkludert Robbins sjølv, men den største hitten fekk Frankie Laine i 1969. Denne versjonen kom ut på albumet til Laine med same namn.

Historie I sjølvbiografien til Laine, That Lucky Old Son, sa han at «Marty Robbins sa ein gong til meg at han hadde prøvd å få 'You Gave Me a Mountain' kjend for meg i fleire år, før han endeleg klarte det i november 1968. Eg skulle ønskt han hadde vore kjappare, for det var mange gonger i midten av 1960-åra der eg lengta etter ein så bra song.»Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 71.

Teksten handlar om ei rekkje utfordringar songaren må gjennom i livet sitt, som at mora døyr då ho føder han, at han vart uskuldig fengsla og at kona tar barna og forlet han. Han skildrar desse som åsar han må over, men at denne gongen har Herren gjeve han eit fjell han må klatre.

Mottaking Songen vart gjeven ut på singel i 1969 og vart ein hitsingel for den då 55 år gamle Laine på den amerikanske singellista. Han nådde 24. plassen på Billboard Hot 100 i mars det året, og låg i alt sju veker inne på topp 40,Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 356. og vart den siste topp 40-hitten til i den lange karrieren til Laine. Same månaden låg songen to veker på toppen av Billboard Easy Listening-lista.

Lister

Frankie Laine-versjonen Liste (1969)PlasseringU.S. Billboard Hot 10024U.S. Billboard Easy Listening1

Andre versjonar Robbins spelte inn ein versjon av sin eigen song, men denne vart ikkje gjeven ut på singel, berre på albumet It's a Sin i 1969Marty Robbins It's a Sin CMT.com. Henta 9 August 2009. i tillegg til somme av samlealbuma hans. Countrysongaren Johnny Bush spelte òg ein versjon av songen i 1969 og denne nådde sjuandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista det året. Elvis Presley spelte songen på konserten sin i Honolulu i 1973, Aloha from Hawaii og det påfølgjande konsertalbumet Aloha from Hawaii: Via Satellite. Presley sin versjon finst på fleire av albuma hans utover 1970-åra.

Andre artistar som spelte inn versjonar av songen eller spelte han på konsertar var Don McLean, Eddy Arnold, Ray Price, Margie Singleton, Gene Watson, Jim Nabors, Dean Martin og Christer Sjögren.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You Gave Me a Mountain» frå , den 22. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ Laine-albumet You Gave Me a Mountain] AllMusic.com

Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Johnny Bush-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar skrivne av Marty Robbins Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar frå 1969 Kategori:ABC Records-singlar Kategori:Don McLean-songar Kategori:Eddy Arnold-songar Kategori:Ray Price-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Christer Sjögren-songar