Burning Love and Hits From His Movies, Volume 2 er eit samlealbum av Elvis Presley. Albumet kom ut 1. november 1972 på billigetiketten til RCA, RCA Camden. Albumet består hovudsakleg av filmmusikkinnspelingar frå forskjellige Elvis-filmar i 1960-åra, i tillegg til begge sidene av hitsingelen «Burning Love» frå 1972. Dette vart rekna som uvanleg sidan RCA vanlegvis reserverte hitsinglane hans til hovudselskapet RCA Victor, og ikkje billigvarianten Camden. RCA gjorde det same ein månad seinare med samlealbumet Separate Ways, som inneheld ein hitsingel i lag med nokså ukjende filmmusikkinnspelingar. Då albumet kom ut nådde det 22. plassen på Billboard-lista. Det selde til gull den 27. mars 1992, platina den 15. juli 1999 og 2x platina den 6. januar 2004 hos RIAA. Merk: Søk på «Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2»
Innhald
Medverkande Elvis Presley — Gitar, vokal The Jordanaires — vokal (kor) J.D. Sumner & the Stamps — vokal (kor)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2» frå , den 21. juni 2017. oppgav desse kjeldene: Elvis Sings Hits from His Movies, Volume 1 - Sergent.com.au
Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Samlealbum frå 1972 Kategori:RCA Records-album Kategori:RCA Camden-album