Eksperimentell autoimmun encefalomyelitt (EAE) er ein autoimmun sjukdom der T-seller og monocyttar går inn i sentralnervesystemet og det oppstår betennelse. Han er den vanlegaste modellsjukdomen for multippel sklerose. Ulike former av eksperimentell autoimmun encefalomyelitt har ulike grader av føremoner og likskap med multippel sklerose. Ikkje alle former for EAE medfører demyelinisering.
Dei fleste pattedyra, inkludert menneske, kan gjevast eksperimentell autoimmun encefalomyelitt. Musa er den vanlegaste dyremodellen for EAE ved forsking på multippel sklerose, men rottemodellar har gjeve ein del kunnskap om sjukdomen.
Tidleg i sjukdomen kan det sjå ut til at mikrogliaseller ikkje sjølve fjernar myelin frå aksona til nerveseller, men at denne rolla høyrer til makrofagar avleidde frå monocyttar.
Kjelder
Kategori:Demyeliniserande sjukdommar i sentralnervesystemet