Peter Edvard Vorum () var ein norsk lærar og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet.

Vorum vart fødd ved Steinnes i Sparbu som son av gardbrukar Christoffer Olsen Vorum (1843–1915) og Karoline Elvine Ertsaas (1855–1890). Han gjekk på Ogndal folkehøgskule frå 1901 til 1902 og vart uteksaminert ved Levanger lærarskule i 1905. Etter dette var han tilsett som lærer ved Falstad skuleheim og ein skule i Egge i 1905, og sidan ved ein skule i Andenes frå 1906 til 1909. Frå 1910 var han tilsett ved ein skule i Ytre Rendal, og vart vald som ordførar ved Ytre Rendal heradstyre gjennom sju periodar frå 1913 til 1934. I 1929 vart han tilsett som fylkesrevisor for Hedmark i 1929, og i perioden 1931 til 1933 var han formann i fylkestinget.

Vorum vart vald inn på Stortinget som 5. representant etter valet i 1933 frå valkretsen Hedmark fylke, der han fungerte som medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, og var òg då medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Under okkupasjonen av Noreg melde han seg inn i Nasjonal Samling og vart rådmann for Åmot i perioden 1941 til 1945, og dessutan skuledirektør frå 1944. Vorum vart den einaste frå Den parlamentariske gruppa til Arbeidarpartiet frå 1936 som melde seg inn i partiet. Under landssvikoppgjeret vart han sikta for forræderi og i september 1948 vart han dømd til fem års tvangsarbeid og dessutan tap av lærarstillinga. Vorum døydde i april 1970 i ein alder av 85 år.Avbildet gravsten av «Peter Edvard Vorum» hos DIS-Norge. (Besøkt 16. oktober 2011)

Stortingskomitear Kyrkje- og skulekomiteen 1934–1936 og 1937–1945

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Peter Edvard Vorum» frå , den 14. juni 2017.

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Ordførarar i Rendalen Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:NS-ordførarar i Hedmark Kategori:Rådmenn Kategori:Folk frå Steinkjer