høgre|mini|Ein M2 Bradley frå USA sin hær, i Irak Stormpanservogn er eit beltegåande militært køyretøy meint for å transportera og gje støtte til infanteri i kamp.
Ei stormpanservogn liknar eit pansra personellkøyretøy (PPK), som er meint berre for å transportera infanteriet. Stormpanservogna har tyngre væpning for å gje støtteeld under kamp, ofte skyteskår slik at infanteristane kan bruka handvåpen inne frå vogna og ofte tyngre pansring.
Ei typisk stormpanservogn har plass til rundt åtte infanteristar, eit tårn på toppen med ein 20–30 mm maskinkanon og nokre gonger panservernsmissil.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stormpanservogn» frå , den 12. juni 2017.
oppgav desse kjeldene: Steeds, Will (red.); Forces 89, Ian Allan Ltd, ISBN 0-7110-1828-6
Kategori:Pansra kampvogner