Adrianus Andreas van Tiggelen, kjend som Adri van Tiggelen, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Oud-Beijerland. Han vart europameister i 1988 og vann seriegull med både RSC Anderlecht i Belgia og PSV Eindhoven i heimlandet.

Karriere Klubbspel Tiggelen var profesjonell spelar i Sparta Rotterdam frå sommaren 1978. Etter fire år i Sparta flytta han over til FC Groningen. I 1986 fekk han så kontrakt med belgiske Anderlecht, eit lag han vart seriemeister med både i 1987 og 1991, og elles vann to nasjonale cuptitlar med. Frå siste triumfen i Belgia gjekk han over til PSV Eindhoven, der han allereie i sin fyrste sesong vart nederlandsk seriemeister. Etter tre sesongar i PSV avslutta han tida som aktiv spelar i Dordrecht 90 våren 1995.

mini|venstre|Adri van Tiggelen, ståande nummer to frå venstre, framfor ein landskamp i 1987 Landslagsspel I åra frå 1983 til -92 var Tiggelen venstreback i 56 av landskampane til Nederland, utan nokon gong å kome på skåringslista. Han var i 1988 med på å vinne europameisterskapen i fotball, då Nederland slo Sovjetunionen i finalen med to mål mot null. Også under fotball-VM 1990 og EM 1992 var han fast på fyrstelaget til Nederland. Til liks med klubbkamerat i PSV, Hans van Breukelen, spelte han sin siste landskamp då Nederland rauk ut or europameisterskapen i den avsluttande straffeskytinga, etter ein semifinale der det stod 2-2 mot Danmark etter 120 minuttar.

Merittar Europameister: 1988 med Nederland Belgisk seriemeister: 1987 og 1991 med Anderlecht Belgisk cupmeister: 1988 og 1989 med Anderlecht Nederlandsk seriemeister: 1992 med PSV Eindhoven

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adri van Tiggelen» frå , den 8. juni 2017.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Groningen-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992