Lars Petter Selboe () var ein norsk garvar, bonde og stortingsmann frå Kongsberg. Han var far til Jens Selboe.

Lars Selboe dreiv gartneri på Regustad på Toten, før han flytta verksemda til Skedsmo i Akershus. Frå 1818 var han forpaktar av storgarden Vestre Kjeller.

Selboe var den fyrste ordføraren i Skedsmo, og i tida fram til 1853 var han ordførar heradet i til saman sju år. Han var stortingsmann frå Akershus amt i 1833, 1836, på Omframtstortinget 1836-37 og på Stortinget 1839. På alle fire tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, og elles var han i 1833 med i Justiskomiteen, 1836 i Bankkomiteen, 1836-37 i «Bevilgningskomiteen» og 1839 i Traktatkomiteen. Han vart utskild or Riksretten 1836 av statsminister Severin Løvenskiold.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Ordførarar i Skedsmo