1973 (romartal MCMLXXIII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen. Hendingar

Utlandet Svoltkatastrofe i Etiopia. 1. januar: Danmark, Storbritannia og Irland vart medlemer av EF, som dermed hadde ni medlemsland. 15. januar: Vietnamkrigen: Presidenten i USA, Richard Nixon gav ordre om at den offensive krigføringa i Nord-Vietnam skulle stogge. 23. januar: Vulkanen Helgafell braut ut og sende lava mot Vestmannaeyjar. 28. februar: Kring 200 indianarar okkuperte Wounded Knee i Sør-Dakota i USA, i protest mot undertrykking av den indianske minoriteten. 4. april: World Trade Center i New York by vart opna. 6. mai: Fredsavtale vart inngått mellom indiandarane i Wounded Knee og styresmaktene i USA. 14. mai: Den USA-amerikanske romstasjonen Skylab I vart skoten opp frå Cape Kennedy. 19. mai: Torskekrigen: Storbritannias marine fekk ordre om å verne britiske fiskefartøy som fiska innanfor den islandske 50-milsgrensa. 20. mai: Torskekrigen: Island stengde Keflavik flyplass for britiske militærfly 10. juli: Bahamas vart uavhengig frå Storbritannia 23. august: Ein bankranar forskansa seg i ein bank ved Norrmalmstorg i Stockholm og heldt gislar fanga i fem døgn. Hendinga gav namn til stockholmsyndromet. 11. september: Militærkupp i Chile. Med støtte frå CIA tok general Augusto Pinochet sine styrkar livet av president Salvador Allende og innførte eit brutalt militærdiktatur. 15. september: Karl XVI Gustav av Sverige vart konge av Sverige. 2. oktober: Torskekrigen; Storbritannia trekte marinen ut av den islandske fiskerisona etter trugsmål om brot på diplomatisk samband mellom dei to statane. 6. oktober: Jom kippúrkrigen: Egypt og Syria gjekk til åtak på Israel 24. oktober: Jom kippúrkrigen: Våpenkvile mellom Israel og Egypt etter at israelske styrkar hadde kome fram til Suezkanalen 4. november: Oljekrisa i 1973: OPEC-landa vedtok oljeboikott og prisauke som straffereaksjon mot land som støtta Israel i Jom kippúrkrigen 20. desember: Statministeren i Spania, Luis Carrero Blanco, vart drepen i Madrid av ETA-folk

Noreg 22. mars : Det norske lasteskipet «Anita» forsvann utanfor den USA-amerikanske austkysten i ein storm på tur mellom Newport News og Europa med kol. Alle 32 ombord omkom. Det norske lasteskipet «Norse Variant» forliste nordaust for Cape May i New Jersey. 29 personar omkom, matrosen Stein Gulbrandsen vart berga etter tre døgn på ein flåte. 8. april: Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep vart skipa på Saga kino i Oslo. I dag heiter partiet Framstegspartiet. 21. juli: Lillehammersaka. Den marokkanske kelneren Ahmed Bouchiki vart myrda på Lillehammer av folk frå israelske Mossad. 16. oktober: Trygve Bratteli vart statsminister på ny, då Den første sentrumsregjeringa i Noreg gjekk av etter Stortingsvalet. AKP(m-l) vart tufta. Raud Valallianse var tufta som eit valsamarbeid mellom AKP(m-l) og uavhengige sosialistar. Sosialistisk Valforbund (No: Sosialistisk Venstreparti) vart tufta av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, uavhengige sosialistar, Sosialistisk Folkeparti og Norges Kommunistiske Parti.

Fødde

19. januar: Ann Kristin Aarønes, norsk fotballspelar 10. februar: Gunn-Rita Dahle Flesjå, norsk syklist 11. februar: Varg Vikernes, norsk musikar og pyroman 26. februar: Ole Gunnar Solskjær, norsk fotballspelar 25. mars: Michaela Dorfmeister, austerriksk alpinist 28. mai: Aslak Sira Myhre, norsk politikar og byråkrat 15. juni: Tore André Flo, norsk fotballspelar 20. juli: Kronprins Haakon, norsk tronarving 19. august: Kronprinsesse Mette-Marit 3. september: Eli Sol Vallersnes, norsk forfattar 9. september: Frode Andresen, norsk idrettsmann 26. september: Maria Bonnevie, norsk–svensk skodespelar 28. desember: Herborg Kråkevik, norsk skodespelar

Døde mini|President Salvador Allende døydde under militærkuppet i Chile 11. september

22. januar: Lyndon B. Johnson, USA-amerikansk president 24. januar: Ivar Asbjørn Følling, lækjar som oppdaga sjukdommen fenylketonuri 31. januar: Ragnar Frisch, norsk økonom 8. april: Pablo Picasso, spansk biletkunstnar 1. mai: Asger Jorn, dansk biletkunstnar 11. juni: Claes Gill, norsk skodespelar og lyrikar 6. august: Fulgencio Batista, kubansk eks-diktator 2. september: J.R.R. Tolkien, britisk forfattar 11. september: Salvador Allende, president i Chile 15. september: Gustav VI Adolf, konge av Sverige 17. oktober: Ingeborg Bachmann, austerriksk forfattar 28. oktober: Mikkjel Fønhus, norsk forfattar