Beaska Niillas eller Niillas Beaska () er ein norsk samisk politikar og skodespelar frå Tana. Han har medverka i diverse oppsetjingar i Beaivváš Sámi Teáhter og Sami Teahter (Kiruna i Sverige).
Niillas stilte til val ved Sametinget 2013 for NSR-SfP i Austre valkrets.Beaska Niillas på topp for NSR-SáB i Valgkrets 1 Norske Samers Riksforbund], besøkt 3. november 2013. Han vart vald inn på Sametinget for perioden 2013–2017, og var medlem av plan- og finanskomiteen. Frå 2014 fram til 2018 sat han som leiar av Norske Samers Riksforbund.
I 2021 vart han vald til Sametinget på nytt, og vart i oktober same år vald til parlamentarisk leiar for NSR.
Roller i teaterstykke og filmar Ronja Rievvárnieda (Beaivvas Sami Teahter) Hamlet (Beaivvas Sami Teahter) MacBeth (Sami Teahter) MacBeth (film, 2004)MacBeth Gonagasa Gatnjalat (Sami Teahter) Unna Addjas (Sami Teahter) Kautokeinoopprøret (film, 2008), der han spelte Rasmus Spein 1852 (Beaivvas Sami Teahter) Ellos Eatnu - La Elva Leve (film, 2023)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beaskka Niillas» frå , den 5. juni 2017.
Bakgrunnsstoff Profil hos Sametinget
Kategori:Samiske skodespelarar Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR