mini|Verknaden til sterk storm på sjøen Sterk storm er vindstyrke 11 i Beaufortskalaen og den sterkaste av stormkategoriane. Vindsnøggleiekn er då 28,5 til 32,6 m/s eller 103–117 km/t. Den eldre sjønemninga av vindstyrken er òg sterk storm.

Verknad på land Opptrer sjeldan og fører til store øydeleggingar.

Verknad i fjellet Vegar og jernbanelinjer vert blokkerte. Det er kaos på telefon- og straumnettet. Skog vert rasert.

Verknad til sjøs Særs høge bølgjer, 11,5 til 16 meter. Små og mellomstore skip kan for ei stund forsvinne i bølgjedalane. Sjøen er fullstendig dekt av lange, kvite skumflak som ligg i vindretninga. Overalt bles bølgjekammane til frådeliknande skum. Sjørokket set ned sikta.

Andre språk Språk Namn Svensk Svår storm Dansk Stærk storm Færøysk Kolandi stormur Islandsk Ofsaveður Engelsk Violent storm

Kjelder

Kategori:Vind