Frederik Christian Hegdorn Matheson Mosling () var ein norsk offiser og stortingsmann frå Børsa. Abraham Mosling var bror hans.
Mosling var son til ein proprietær. Sjølv gjekk han inn i hæren og var offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1812. I 1823 vart han forfremja til premierløytnant og i 1839 til kaptein og sjef i den trondhjemske brigade.
Mosling vart vald til stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt på tre valting og møtte på stortinga 1830, 1833 og 1839. Han var i 1830 sekretær i «trykningskomiteen» og medlem i Matrikkellovkomiteen, sekretær i sistnemnde i 1833. Både i 1833 og 1839 var han medlem i Militærkomiteen. I 1838 var han den fyrste ordføraren i Børsa.
Han levde ugift og døydde i 1839, 47 år gammal.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Skaun