Peder Christian Holst () var ein norsk offiser, næringsdrivar og stortingsmann frå Trondheim.

Holst var son til ein skulemann. Sjølv var han offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1816 og i artilleribrigaden frå 1821. Han vart forfremja til premierløytnant i artilleriet i 1829 og kaptein i 1837. Frå 1842 til 1854 var han direktør for Kongsberg Våpenfabrikk.

Holst representerte Smaalenenes amt på Stortinget i 1839 og 1842, og bykrinsen Kongsberg i 1848 og 1851. Han var 1839 medlem i Militærkomiteen, 1842, 1848 og 1851 i Protokollkomiteen, samt i 1842 i komiteen om embetsgardane, i 1848 i Adressekomiteen og 1851 i Valkomiteen. På tingsamlinga i 1848 var han også sekretær i komiteen om vernepliktslova.

Holst var ordførar i Kongsberg i 1847 og 1849–1850. Han døydde i Moss, 75 år gammal.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:Folk tilknytte Kongsberg Våpenfabrikk Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Trondheim