mini|Vevar måla av Vincent van Gogh i 1884. mini|Henni Jaensch-Zeymer ved ein vevstol i 1980.

Vevar er ei yrkesnemning for ein person som driv med veving ved hjelp av ein vev eller vevstol.

Historie I det gamle nordiske agrarsamfunnet var veving tradisjonelt eit kvinnearbeid, men det blei gradvis gjort om til ein hovudsakleg mannleg profesjon i byane løpet av mellomalderen og tidleg moderne tid. Ein har ofte sett saman utviklinga av vevarprofesjonen med utviklinga av ein ny vevstol som avløyste oppstadveven,Hoffmann, sp. 679 men utviklinga var samansett.

Ein av dei eldste nordiske vevarane ein kjenner til er ei Mette Weuersk, som var medlem av Skt. Gertrudsgildet i Flensborg 1432-36.Søgaard, sp. 680 Deretter kjenner ein til eit medlem af St. Lucii gilde i Roskilde i 1483, og frå 1500 og seinare kjenner ein til vevarar i København. I Noreg er vevarar omtala i byloven for Bergen, men først frå 1570 kjenner ein til namngjevne vevarar i byen.Hoffmann, sp. 679 I Sverige er vevarar omtalte i Stockholm stads skattebok for 1517,Granlund, sp. 680 og i Finland er finlandssvenskar kjende som vevarar (wandtmacher, wandtmakare) som på hertug Johan si tid arbeidde i krona si teneste på Åbo slott.Kaukonen, sp. 680

Vevarar i kulturen Yrket har gjeve opphav til etternamn på fleire språk, som dansk Væver, engelsk Weaver, Webber, Webster og Webb, tysk Weber og fransk Tisserand og Tisserant. Personnamnet Penelope er gresk for vevar, og sogepersonen Penelope frå Odysseen var kjend for vevinga si.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Væver» frå , den 18. mai 2017.

Bibliografi Henning Bender: Aalborgs industrielle udvikling fra 1735 til 1940; C.W.Obel Aktieselskab, Aalborg 1987; ISBN 87-982523-1-3 John Granlund: "Vever. Sverige" (i KLNM, bind 19, sp. 680)

Marta Hoffmann: "Vever" (i KLNM, bind 19, sp. 679) Marta Hoffmann: "Vevstol" (i KLNM, bind 19, sp. 681f) Ole Hyldtoft: Københavns Industrialisering 1840-1914. Faser i den industrielle udvikling; Herning, Systime, 1984. Toini-Inkeri Kaukonen: "Vever. Finland" (i KLNM, bind 19, sp. 680) Helge Søgaard: "Vever. Danmark" (i KLNM, bind 19, sp. 679f)

Kategori:Handverksyrke Kategori:Veving