mini|Rice and peas servert med jerk-krydra kylling og coleslaw.

Rice and peas (eller peas and rice) er ein tradisjonell anglo-karibisk risrett der risen blir tilreidd med bønner. Ein kan bruka ulike slag bønner, men ertebønner, kidneybønner og augebønner er vanlege typar.

Bønnene i retten blir typisk kokt saman med allehandefrø og kvitlauk. Deretter kan ein tilsetja salt, pepar, chili (scotch bonnet), timian, lauk (vanlegvis vårlauk), raspa ingefær. Timian er ein svært viktig ingrediens i retten. Sjølv om ein kan bruka chili, pleier ikkje retten ha sterkt krydra smak, ettersom ein pleier bruka chiliane heile og ikkje oppskorne. Ofte lèt ein retten koka i kokosmjølk, kokosvatn eller begge delar. I nokre variasjonar kan ein bruka svinefeitt, salta svinekjøt eller storfekjøt i staden for å salta, men han pleier innehalda lite kjøt eller kan vera heilt vegetarisk.

Bruk Rice and peas er utbreidd som siderett på Jamaica, Trinidad og Tobago, Barbados og fleire andre engelskspråklege øyar i Karibia.

Tradisjonelt har ein gjerne retten med sundagsmiddagen. Ertebønner er særleg knytt til julemåltid. Ein kan servera rice and peas til ulike kjøtstuingar, fisk eller sjømat. I nyare tid er det blitt vanleg å eta retten kva tid ein vil i veka, og med ulike hovudrettar. Jerk-krydra kylling er til dømes vanleg saman med rice and peas.;

Liknande rettar Blanda risretter er utbreidde i afrikansk-påverka kulturar i Amerika. Ein finn bønneretter som Moros y Cristianos på Cuba, Moros de guandules con coco i Den dominikanske republikken og Hoppin’ John eller Carolina Peas and Rice i USA. Liknande retter finst også i Afrika, som akanretten waakye, som berre skil seg frå rice and peas ved at ein bruker andre urter og krydder.

Namn

I vanleg engelsk språkbruk i Storbritannia og størsteparten av USA viser «peas» til erter, medan det på karibisk og sørstatsengelsk typisk viser til bønnene som er brukt i denne retten.

Det skapte noko oppstyr då den britiske kjendiskokken Marco Pierre White, i ein reklamefilm for Knorr, presenterte ein såkalla jamaikansk rice and peas-rett med grøne erter og utan anna krydder enn buljong.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Quick Jamaican Rice and Peas Recipe av Fay ved cooklikeajamaican.com. Rice and peas. Oppskrift av Simon Rimmer ved BBC Food.

Kategori:Karibisk mat Kategori:Jamaikansk mat Kategori:Bønneretter Kategori:Risretter