Alhed Schou () var ein norsk forfattar fødd i Molde.
Alhed Schou, fødd Alhed Petronelle Smith, gifta seg i 1867 med distriktslegen H.M.C. Schou, og budde i Førde frå 1876 til 1892. Ho blei enkje i 1890.
Schou skreiv fleire natur- og folkelivsskildringar. Ho bidrog med tekstar i norske blad som Morgenbladet, Urd, Folkevennen og Husmoderen. Schou skreiv også fleire bidrag til engelske blad, m.a. til Girls own paper (London, 1885), til Summer Number (1890), til Tourist Weekly News (Bergen-London, august 1892), Norwegian Club Year Book (London) og Beyers Weekly News (Bergen, 1905). Ho skreiv ei rettleiing for De Sandvigske samlinger (1905) og ein større kultur- og slektshistorisk monografi over Svanøen i Søndfjord (1912).
Schou opparbeidde seg også ei samling av bondeantikvitetar som enda på Holmenkollen Turisthotell, og som brann opp saman med hotellet. Nokre av gjenstandane er att og finst på Kunstindustrimuseet i Oslo og Sunnfjord Museum.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Norske og nordiske tidsskriftartikler (Norart)
Kjelder Om Alhed Schou i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff Om Alhed Schou i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Alhed Schou i Norske og nordiske tidsskriftartikler (Norart)
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Førde