Mary Leakey () var ein britisk paleoantropolog. Ho oppdaga den første fossiliserte Proconsul-skallen, ein utdøydd primat som ein no trur er ein forløpar for menneske. Ho oppdaga også ein robust Zinjanthropus-skalle i Olduvaidalen i Tanzania.
I mykje av livet arbeidde ho saman med ektemannen Louis Leakey i Olduvai. Her oppdaga dei fossilar av gamle Homininae (store afrikanske apar) og dei tidlegaste eksemplara av Hominini, ei gruppe som omfattar sjimpansar og menneske. Dei fann også steinreiskapar laga av den sistnemnde gruppa. Mary Leakey utvikla eit klassifiseringssystem for reiskapane funne i Olduvai. Ved Laetoli oppdaga ho 3,7 millionar år gamle Hominini-fossil og fotspor som då var det eldste provet på oppreist gange.
Gjennom karrieren oppdaga Leakey femten nye dyreartar og medverka til å namngje ei ny biologisk slekt. I 1972, etter at ektemannen døydde, blei Leakey leiar for utgravingane i Olduvai. Ho lærte også opp sonen Richard til å fortsetja den arkeologiske familietradisjonen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mary Leakey» frå , den 19. mai 2017.
Kategori:Britiske arkeologar Kategori:Britiske antropologar Kategori:Kvinnelege antropologar Kategori:Kvinnelege paleontologar Kategori:Paleoantropologar Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet