Ingebjørg Kasin Sandsdalen () var ein norsk forfattar og gardkone frå Seljord. Ho skreiv tjue diktsamlingar og nokre romanar. Tru, glede og livskjensle er sentrale tema i forfattarskapen. Tekstane er både i form og innhald noko folkeviseaktige. Ho var gift med Halvor J. Sandsdalen og mor til Odd Jan Sandsdalen.

Liv og gjerning Etter ein vinter på Sagavoll Folkehøgskule tok Ingebjørg Kasin seg arbeid hos kjøpmann Toralf Lindstøl i Seljord, der ho møtte Halvor J. Sandsdalen. Dei to inspirerte og kritiserte skrivinga til einannan. Frå 1938 dreiv dei farsgarden hans i Seljord, til dei i byrjinga av 1950-åra bestemte seg for å satse heiltid på skriving og forfattaryrket.

Forfattarskap Ingebjørg Kasin Sandsdalen debuterte i 1950 med diktsamlinga Hjarta av jord, ei samling som fekk fin kritikk. I 1970 og -72 gav ho ut Hjarta og harpe og Erindrings bok, to prosaverk der ho skildrar ein sjølvopplevd barndom i ein lyrisk stil. Mange år seinare, 1989 og 1991, fylgde ho opp med sjølvbiografiane Med gullstøv under skorne og Frå eit hjartes ferdskrivar, også desse i ein poetisk prosa.

Firebandsverket om 1600-talspresten Zacharias Skancke, ein mann som arbeidde i Seljord i 56 år, må seiast å vere det sentrale arbeidet til Sandsdalen. Dei fire romanane; Linet blømer, Hr. Zacharias til Sillejord, Linpresten og Av Skancke-ætt kom ut i tida 1976-83. Til denne romanserien sette ho seg grundig inn i nær sagt alt som kunne fortelje noko om tida presten levde i, og om tilhøva i Seljord 350 år tilbake. Ho leita ikkje etter å dikte menneske med outrerte eigenskapar, ho skapte heilskap i pakt med det ettermæle som lever etter dei.

Minne frå oppveksten i Svartdal i Seljord er med i praktisk talt alt Ingebjørg Kasin Sandsdalen skreiv. Ho er opptatt av alt som veks, av årstidene og skiftande lys. Ved hjelp av konkrete ting som steinar og blomar, skyer og tre syner ho dei store linjene i menneskelivet. Av og til dukkar det opp uromoment i dette universet, utan at det rokkar ikkje ved verdsorienteringa hennar. Trua på det guddommelege, på Gud og at det er den krafta som gjennomstrøymer alt, pregar forfattarskapen.

Ymse Sandsdalen var i 12 år med i den departementale salmebokkomiteen, og er representert i Norsk Salmebok med ein omsett salme.

Sandsdalen vart i 1965 tildelt Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe. Langt seinare fekk ho i 1994 Jørgen Vikør-prisen for diktsamlinga Treblåsaren og i 1995 fekk ho målprisen.

Frå 1984 hadde ho kunstnarløn av Seljord kommune. Saman med ektemaken Halvor J. Sandsdalen vart ho i 1996 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Bibliografi Hjarta av jord, 1950 Vera ein sjø, 1958 Vegen og vandraren, 1960 Søkte eg lyset, 1963 Guds lampe, 1964 I dei solhøge år, 1965 I songens månad, 1966 Attom di strand, 1968 Hjarta og harpe, 1970 I såldet, 1971 Erindrings bok, 1972 Laterna magica, 1973 Hemmelege landemerke, 1975 Linet blømer, 1976 Plukk dagen, 1976 Hr. Zacharias til Sillejord, 1977 Mellom levande, 1978 Linpresten, 1980 Av Skancke-ætt, 1983 Song i september, 1985 Aldrande jord, 1987 Med gullstøv under skorne, 1989 Frå eit hjartes ferdsskrivar, 1991 Treblåsaren, 1993 Landskap, 1995 Georgica, 1996 Vengefjørsong, 1999 Jord og tid, 2001

Kjelder Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Folk frå Seljord