Sverre By () var ein norsk lærar og barnebokforfattar. Han var morfar til fotballtrenaren og litteraturkritikaren Ola By Rise.

Liv og virke Sverre By var fødd i Sømna og vaks opp i Skaun. Han gjekk ut frå Levanger lærarskule i 1920. Deretter var han lærar fleire stader, både i Fusa, Børsa og Skaun før han kom til Strinda. Der slo han seg ned - først i 19 år som lærar ved Ranheim skule, deretter som styrar ved Åsvang skule til han vart pensjonist i 1965. Han var formann i Strinda lærarlag i 12 år.

Frå 1929 til 1931 redigerte han avisa Gaula, men det var ikkje før etter krigen at han vart forfattar. Han debuterte i 1946 med På livet laust, og skreiv i alt 21 bøker. Best kjent er kanskje Raudmerra (1948) og oppfølgjarane Raudmerra er di (1956) og Samstadprinsen (1961). Eit hovudtema i forfattarskapen er ei realistisk skildring av brotet mellom det gamle bondesamfunnet og det moderne industrisamfunnet.

Prisar og utmerkingar For Raudmerra og Turid og dei andre (1951) fekk han Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin barnebokpris. Då han fekk prisen i 1948, var han den første som fekk denne prisen.

I 1967 blei By tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Bibliografi (i utval) Nidarosdomen : den herlegaste kyrkja i norderlanda (1946) På livet laust (1946) Raudmerra (1948) Fart i tingen (1950) Turid og dei andre (1951) Leiv møter eventyret (1953) Reidar Rask (1955) Raudmerra er di (1956) Gullklokka (1958) Åge (1959) Kjetil på marknad (1960) Samstadprinsen (1961) På krigsfot : forteljing frå 1905 (1964) Jenta med dei brune flettene (1964) Fagerbekken (1966) Flaumen går (1967) Heggdalsgruva (1968) Glimådalen (1969) Sæmund Bonde og Rønnaug (1971) Styrk Audunsson (1972) Bølgjer i bygda (1973)

Kjelder Gunvor Risa: «Sverre By som barnebokforfattar» I: Årbok for Trøndelag, 1975 Birkeland, Risa, Vold: Norsk barnelitteraturhistorie. 2. utg. Samlaget, 2005 ISBN 82-521-5933-8 Artikkel om Sverre By i Alkunne nettleksikon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1946