mini|Tove Karoline Knutsen i 2011 Tove Karoline Knutsen () er ein norsk kunstnar og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005 og gjenvald i 2009 og 2013. Knutsen var festspeldirektør for Festspillene i Nord-Norge i perioden 1997–2001.

Stortingskomitear

2005–09 medlem av Familie- og kulturkomiteen 2009–13 medlem av Helse- og omsorgskomiteen 2013–17 medlem av Helse- og omsorgskomiteen

Musikkarriere Knutsen har først og fremst utmerka seg som musikar og songar og som direktør for Festspela i Nord-Noreg frå 1997 til 2001. I 1980 gav ho ut albumet Blå Kveill, eit jazzinspirert visealbum med tekster av den nordnorske poeten Arvid Hanssen I 1984 gav ho ut albumet Veintetid, og vann Spellemannprisen 1984 for dette i klassen visesong.

Diskografi 1980 Blå Kveill 1984 Veintetid 1992 Tenn Lampa 1994 Lat spille med vår

Prisar og utmerkingar Prøysenprisen 1982 Spellemannprisen 1984 for Veintetid i klassen visesong. Blixprisen 1985. Nordlysprisen 1992. Gammleng-prisen 1992 i klassen vise. Petter Dass-medaljen 2009 for hennar kulturelle engasjement, m.a. som direktør for Festspillene i Nord-Norge.

Kjelder Erling Steenstrup: Årets festspill i Nord-Norge ble en – 2. juli 2001, NRK.no

Bakgrunnsstoff Stortinget - Biografi Arbeiderpartiet - Biografi

Kategori:Norske musikarar Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Torsken Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen