mini|Prosesjon på heilage onsdag 2015 i Villarreal i Spania. Heilage onsdag eller store onsdag er onsdagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen, dagen før skjærtorsdag.

Bibeltekstar mini|venstre|Judas får tretti sølvpengar. Ikon frå Jaroslavl. mini|Salvinga av Jesus måla av James Tissot. Hendingane i evangelia i Det nye testamentet knytt til denne dagen er ei samansverging mellom «overprestane og dei eldste i folket» om å ta livet av JesusMatt. 26:3—5, Mark. 14:1—2, Luk. 22:1—2 og salvinga av Jesus i Betania.Matt. 26:6—13, Mark. 14:3, Joh. 12:3—4 Læresveinane meiner olja burde vore seld og pengane gjevne til dei fattige.Matt. 26:8—9, Mark. 14:4—5, Joh. 12:5 Men ifølgje Johannesevangeliet vil Judas Iskariot ha pengane sjølv.Joh. 12:6 Han går til overprestane og avtaler med dei å svika Jesus. For det får han tretti sølvpengar.Matt. 26:14—16, Mark. 14:10—12, Luk. 22:3—6

Austleg kristendom

I ortodoks kristendom held ein som måndag en og tysdagen ei ottesonggudsteneste kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna. Gudstenesta ender med ein salme av Kassia frå 800-talet som fortel historia om den syndige kvinna som salva Jesus, mykje sett frå hennar synsvinkel. Salmen kan ta opptil 25 minutt å synga, og kan vera særs rørande.

I gresk tradisjon og ein del stader skikken har spreidd seg til er det vanleg å salva heile kyrkjelyden onsdags kveld.Great Lent, Holy Week, and Pascha: The Sacrament of Holy Unction: Holy Wednesday afternoon and Evening

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. På onsdagen er gjerne andre halvdel av Markusevangeliet og den delen av Johannesevangeliet ein skal lesa att.

Vestleg kristendom mini|Katolsk messe på heilage onsdag i Santa Rita i Pampanga på Filippinane.

I den katolske kyrkja les ein Jesaja 50:4-9 Salmane 69:8-10, 21-22, 31, 33-34 og Matt. 26:14-25.

Prekentekstar i mange protestantiske kyrkjer er Jesaja 50:4-9, Salmane 70, Hebearbrevet 12:1-3 og Joh. 13:21-32.Wednesday in Holy Week, The Text This Week

Namn på heilage onsdag

I Sverige har dagen vore kjend som dymmelonsdag. Ein dymmel eller dymbil er eit trestykke som ein brukte til å slå på kyrkjeklokkene denne dagen for å få ein meir dempa lyd enn med metallkolvar. Nemninga dymmelonsdag er også blitt brukt om oskeonsdag, og dei to dagane kan forvekslast av allmugen.

I Tsjekkia er dagen kjend som Škaredá středa ('stygge onsdag'), 'svarte onsdag' eller 'sotfeieonsdag'. Dette er ein dag då ein tradisjonelt reingjer golv, møblar, vindauge og skorsteinar. Sidan skorsteinen må vera kald for å reingjerast, blei det ikkje kokt mat på denne dagen. I staden hadde ein enkle, kalde måltid. Etter reingjeringa tek ein møblane på plass att og pynter til påske. I Podluľí-regionen er det vanleg å teikna kortvarige blomar på vindauge med såpe eller på bakken med vatn eller sand.

På Irland har dagen vore kjend som «Spy Wednesday», der spy truleg har tydinga 'lure' eller 'overfalle' og viser til Judas sitt svik.

På Malta er dagen kjend som L-Erbgħa tat-Tniebri ('skuggeonsdag'), som viste til det liturgiske mørket. Tidlegare kunne barn slå på stolane i kyrkja for å laga lyd av torever.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Holy Wednesday» frå , den 5. april 2017.

Kategori:Påske Kategori:Onsdag