Tublibukta (arabisk خليج توبلي) er ei bukt aust i Bahrain, mellom øya Bahrain og Sitra. Bukta ligg like sør for Manamahalvøya. Øya Nabih Saleh ligg i bukta.
Området er kjent for eit rikt fugle- og dyreliv, og mangroveskogar langs breidda. Mangrovene trivest i avrenningsvatnet frå ferskvasskjelder etter vatnet har runne gjennom gardar langs bukta. Bukta er eit stort yngleområde for reker og fisk. Mange trekkfuglar stoppar òg her.
I dag har Tublibukta lide under ulovleg landvinning, forureining og minkande ferskvatn frå kjeldene. Landvinninga har redusert storleiken frå 25 km² i 1960-åra til berre 11 km² i dag.Bahrain: 'Save what remains of Tubli', Bahrain Tribune, 12. mars 2006 Mangrovene som brukte å ligge langs det meste av kysten, er redusert til berre nokre små område i Ras Sanad og Ras Tubli.
I 1997 vart Tublibukta eit Ramsar-område, rekna som eit internasjonalt viktig våtmarksområde.About the Ramsar Convention
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tubli Bay» frå , den 4. april 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bevaring i Bahrain Tublibukta - 'ei tapt arv', Gulf Daily News, 25. mars 2007 Tublibukta 2010 (videorapport)
Kategori:Vassførekomstar i Bahrain Kategori:Ramsarstader i Bahrain Kategori:Bukter i Indiahavet