Jakay Mrisho Kikwete () er ein tanzaniansk politikar som var president i landet frå 21. desember 2005 til 5. november 2015, og var den fjerde presidenten sidan Tanzania vart sjølvstendig. Han var òg formann i Den afrikanske unionen frå 31. januar 2008 til 2. februar 2009. Kikwete høyrer til det leiande partiet i Tanzania, Chama cha Mapunduzi (CCM), som har hatt makta i Tanzania sidan det vart oppretta i 1977. Kikwete vart vald til president 21. desember 2005, og vart vald til ein ny periode i valet i 2010. Av di han hadde sete i to periodar kunne han ikkje veljast på ny i valet i 2015, og vart difor fylgt av John Magufuli frå same parti 5. november 2015.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tanzanianske presidentar Kategori:Leiarar for Den afrikanske unionen