Umm Bab er ein busetnad i Qatar i kommunen Al Rayyan. Han brukte å vere ein del av Al Jemailya kommune før denne kommunen vart slått saman med Al Rayyan. Umm Bab er også kjend som «Palmestranda», på grunn av ei lita gruppe palmar som står på stranda her.

Namnet på busetnaden kjem frå den lokale geografien og tyder «mor til porten». «Porten» syner til ein smal veg eller opning i området mellom to små åsar. I folketeljinga i 2010 hadde staden litt ove 6 000 innbyggjarar.

Historie mini|Umm Bab-stranda. I 1948, kort tid etter oljeboringa byrja i Dukhan, vart det bygd ein landsby like sør for Umm Bab for å huse arbeidarar for Qatar Petroleum og lokale innbyggjarar i Umm Bab. Same året vart det bygd ein veg frå Umm Bab til Dukhan.

Industri Umm Bab er ein av berre to stader i Qatar der det finst store mengder kalkstein og leire som lett kan hentast ut. Den andre staden er Umm Salal. I 1965 vart derfor Qatar nasjonale sementselskap oppretta i området. Den første sementen vart laga i 1969 og fabrikken fekk vatn frå Rawdat Rashed og oljeforsyning frå Dukhan.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Umm Bab» frå , den 31. mars 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Al Rayyan