Jevgenija Vladimirovna Medvedeva-Arbuzova () er ein russisk tidlegare langrennar frå Kondopoga. Ho vann OL-gull i stafett med Russland i 2006 og to medaljar i individuelle OL-/VM-tevlingar.

Jevgenija Arbuzova debuterte i verdscupen i langrenn i 1997, men bortsett frå eit par pallplasseringar i ulike stafettevlingar, måtte ho vente til 2004/05-sesongen før ho individuelt kunne kjempe heilt i verdstoppen. Etter ein tredjeplass på 15 km i Ramsau am Dachstein tidleg i den sesongen, vann ho i februar 2005 sin einaste siger då ho i tyske Reit im Winkl triumferte i eit verdscuprenn over 10 km fristil.

Medvedeva-Arbuzova var med på det russiske stafettlaget som tok sølv ved Ski-VM 2005 i Oberstdorf. Under Vinter-OL 2006 i Torino parkerte ho norske Kristin Steira på oppløpssida og gjekk inn til bronsemedalje på 15 km dobbelstart. Toppen kom likevel seks dagar seinare, då ho, etter Natalja Baranova-Masalkina, Larisa Kurkina og Julija Tsjepalova hadde teke seg av dei tre fyrste etappane, som ankerkvinne gjekk Russland inn til OL-gull i 4 x 5 km stafett, ti sekundar framom det tyske sølvmannskapet.

Under Ski-VM 2009 i Liberec sikra Medvedeva-Arbuzova seg sølvmedaljen i 30 km fellesstart, etter å ha vunne innspurten mot fire andre utøvarar. Ho la opp etter 2010-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgenija Wladimirowna Medwedewa-Arbusowa» frå , den 30. mars 2017.

Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009