Christian Leden, opphavleg Kristian Johnsson Refsaas, () var ein norsk oppdagingsreisande og musikkgranskar frå Inderøy.

Kristian Johnsson Refsaas var son til ein gardbrukar og musikksersjant på Inderøy i Nord-Trøndelag. I ungdomsåra var Kristian organist i Sakshaug kyrkje i heimbygda. Sidan studerte han musikkvitskap i Tyskland. Han fatta stor interesse for musikken til inuittane på Grønland, og med midlar frå det danske Carlsberg-fondet reiste han sommaren 1909 rundt om i Grønland på samlarferd. Han reiste då i lag med den danske polarforskaren Knud Rasmussen.

I 1910 tok han etternamnet Leden. Som oppdagingsreisande fór han oftast til arktiske område, men var òg i det indre av Sør-Amerika. Han lærte seg inuittisk språk, og i løpet av ein treårig ekspedisjon i Keewatin på vestkysten av Hudson Bay gjekk han frå landsby til landsby, og helste på alle ibuarane.

Med økonomisk stønad frå Geological Survey i Canada kunne Leden halde fram med sitt etnografiske arbeid over fleire år. På desse reisene i Grønland og Canada handla og bytta han til seg alt frå kunst- til bruksgjenstandar. Særleg tok han opp mykje musikk, omkring 1000 voksrullar er samla i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Opptaksutstyret hadde han elles med seg overalt, også i Noreg. Også ein heil del film og fotografi frå reisene hans er bevart.

Då Leden trappa ned felt- og registreringsarbeidet, reiste han vide i verda og heldt foredrag om arbeidet sitt. Han gav ut i alt tre bøker basert på delar av det innsamla materialet, alle på tysk språk.

Leden busette seg i Berlin i siste halvdelen av 1920-åra. Han engasjerte seg i eit pangermanistisk miljø, der han våren 1930 førelas over temaet «Civilisasjonens og raseblandingens innflydelse på folkekraften». I 1934 fekk han ei stilling ved Universitetet i Berlin og arbeidde med å vise samanhengar mellom folkemusikk og rase.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christian Leden» frå , den 24. mars 2017.

Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Folk frå Inderøy Kategori:Norske etnografar Kategori:Norske folkemusikksamlarar