Hans Tausen () dansk luthersk teolog, biskop under reformasjonen i Danmark-Noreg.

Karriere Han var munk i Antvorskov kloster, studerte i Rostock frå 1516, vart prestevigd og heldt fram studia sine i København frå 1521 og i Leuven frå 1522. Tausen studerte 1523 i Wittenberg under Martin Luther og vart snart ein trugen tilhengar av reformasjonen. I 1526 opptredde han som luthersk predikant i Viborg. Fredrik I tok han under vernet sitt.

Frå 1529 verka Tausen i København. Han vart med på å utarbeide Kyrkjeordinansen i 1537. I 1538 vart han «lesemeister» (lektor) i teologi ved Københavns Universitet, og i 1541 biskop i Ribe. Han satt som biskop i Ribe til han døydde og er gravlagd i Ribe domkyrkje.

Omsetjinga hans av Mosebøkene, postillen og Psalmebog er utgjeve i faksimile (1932, 1934, 1944).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske biskopar Kategori:Reformatorar Kategori:Bibelomsetjarar Kategori:Danske salmediktarar Kategori:Tilsette ved Københavns Universitet Kategori:Folk frå Kerteminde