mini|Ein del av klosterruinane. mini|Antvorskov kloster og slott, 1749. Frå Nordens Historie av Niels Bache, 1885. Antvorskov var eit kloster på Sjælland i Danmark, i det som no er Slagelse kommune. Klosteret vart skipa rundt 1164 av Valdemar I, som kloster for Johannittarordenen. Frå 1580 vart klosteret kongeleg len og bygd om til slott av Fredrik II. Han døydde også her åtte år seinare.
I ein del år frå 1717 og framover vart Antvorskov ryttardistrikt før det gjekk over til private i 1774. Bygningane vart heilt eller delvis rivne og først gravne fram igjen på slutten av 1800-talet. Området framstår som ruinar.
Kjelder
Kategori:Ruinar i Danmark Kategori:Klosterruinar Kategori:Slott i Danmark Kategori:Slagelse kommune