Ernst Gustav Mortensen () var ein norsk forlagsmann frå Oslo, landskjend for å ha starta opp mange suksessrike vekeblad.

Etter å ha studert brevskular i USA i 1911 starta han i 1914 Norsk Korrespondanseskole, eit firma han var direktør i til 1961. Gjennom iherdig innsats voks undervisningstiltaket mykje, og ved 50-årsjubileet uttalte han at over ein million menneske hadde vore innom som elev.

Mortensen grunnla i 1928 Nasjonalforlaget og gav ut både billegbøker og 1931-34 seksbandsverket Kringla Heimsins redigert av Wollert Keilhau. I 1933 byrja Mortensen å gje ut Norsk Ukeblad, ein publikasjon i moderne djuptrykk. Sidan starta han opp Norsk Dameblad i 1938, Vi Menn i 1951 og Det Nye i 1957. Frå 1941 dreiv han Ernst G. Mortensens Forlag, og samla bladutgjevingane i dette forlaget i 1958.

Han var far til toneskaparen Finn Mortensen, og sjølv ein mangeårig aktiv musikar i Oslo Handelsstands Forenings Orkester på fritida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ernst G. Mortensen» frå , den 14. mars 2017.

Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Folk frå Oslo