Johanne Elisabeth Meyer () var ein norsk fotograf og journalist. Meyer er mest kjend for det fotojournalistiske arbeidet ho gjorde under reisene sine gjennom Iran og India på 1920- og 1930-talet. Arbeida hennar inkluderer nokre av dei fyrste bileta av Mahatma Gandhi.

Virke Meyer reiste på eiga hand rundt i Iran (Persia) omkring 1929, og kan ha vore den fyrste vestlege kvinna som vitja Iran på denne måten. Det var totalforbod mot fotografering i Iran på denne tida; ho vart arrestert fleire gonger, men slapp unna med åtvaringar. I Tyrkia og Irak fekk ho møte dei øverste leiarane i landa, og vitja blant anna Kemal Atatürk og fekk sjå det private soverommet hans trekt i rosa silke.

I Irak intervjua ho kong Faisal i «hans palé litt utenfor Bagdad». Meyer vitja òg Syria, Mexico og Alaska. I India fekk ho i 1933 hjelp av den unge Indira Nehru til å møte den fengsla Mahatma Gandhi, og Meyer skildra møtet slik: «Enhver annen ville sett latterlig ut i det kostymet, men overfor Gandhi forstummer alt som heter kritikk. Jeg har aldri vært begeistret for ham, men – jeg er totalt omvendt. Han er et av de mest sympatiske mennesker jeg har truffet, han er virkelig en stor mann.»

Bakgrunn Meyer var fødd i Tønsberg i ein velståande familie. Faren hennar gav ho eit Kodak foldekamera som ho kunne ta med på reisene sine, og det ser ut til å ha vorte starten på den profesjonelle karrieren hennar. Ho vart medlem av Oslo kameraklubb i 1932, og reiste sidan til Berlin i 1937 for å studere fotografi ved Schule Reimann. Her var ho elev av Walter Peterhans og Otto Croy. Ho jobba som assistent for Joszef Pécsi i Budapest før ho drog tilbake til Noreg, der ho oppheldt seg under krigen. Meyer leverte stoff til blant anna National Geographic, Aftenposten og A-magasinet.

Bibliografi 1930 – En kvinnes ferd til Persia 1933 – En kvinnes ferd gjennom India 1949 – De små og store dyra våre i bilder og tekst

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Meyer» frå , den 9. mars 2017.

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff Biografi på Preus Museum Fotoskattar frå Elisabeth Meyer på NRK.no Elisabeth Meyer i Fotografregisteret

Kategori:Norske fotografar Kategori:Folk frå Tønsberg