Elvis sings The Wonderful World of Christmas er eit musikkalbum frå 1971 av Elvis Presley. Det var det andre og siste julemusikkalbumet til Presley, og kom ut i oktober 1971. Ein singel frå albumet, «Merry Christmas Baby»/«O Come All Ye Faithful», kom ut i november same året. Albumet vart ein bestseljar som toppa Billboard Holiday Albums Chart, og ville ha gått høgt inn på Billboard 200, men frå 1963 til 1973 vart ikkje julemusikkalbum tekne med på denne lista. Albumet selde ikkje like godt som det første julemusikkalbumet til Presley, Elvis' Christmas Album. I løpet av åra har det likevel seld godt, og oppnådde gullplate 4. november 1977, platina 1. desember 1977, 2x platina 20. mai 1988 og 3x platina 15. juli 1999 hos RIAA i USA. Note: Enter advanced search for The Wonderful World of Christmas
Fleire av songane på albumet vart publiserte av songforlaget til Elvis Presley, som «Holly Leaves and Christmas Trees», «I'll Be Home on Christmas Day», «If I Get Home on Christmas Day» og «On a Snowy Christmas Night». Presley vert akkompagnert av The Imperials Quartet på dei fleste songane.
På seinare utgåver av albumet vart songen «Blue Christmas», som vart spelt inn 27. juni 1968, lagt til albumet. Songen var tidlegare gjeven ut på albumet Elvis.
Innhald Originalutgåve
Follow That Dream-utgåver Plate 1 Plate 2
Medverkande The Imperials Quartet - kor
Salstrofé OrganNivåDatoRIAA3x platina15. juli 1999
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elvis Sings The Wonderful World of Christmas» frå , den 7. mars 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:USA-amerikanske julemusikkalbum Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album