David Christopher Weidemann () var ein norsk lege som representerte Holmestrand på stortinga 1842 og 1865-66.
Weidemann var fødd i Borgund på Sunnmøre, då faren Lauritz Weidemann var sorenskrivar der. Han vart student i 1819, og budde på 1820-talet i hovudstaden. Der var han åra 1825-29 kandidat ved «den midlertidige fødselsstiftelse», og i 3½ år fattiglege i Christiania. Ferdig utdanna cand.med. i 1827.
I 1829 flytta Weidemann til Holmestrand og budde der resten av livet. Han var bylege i lang tid. Både i 1839-40 og 1848 var han ordførar for bystyret. Som styreformann i den lokale sparebanken spela han ei avgjerande rolle då Holmestrands bad vart bygt.
Weidemann var stortingsrepresentant frå Holmestrand både i 1842 og i 1865-66. I 1842 var han medlem i Militærkomiteen, medan han i 1865-66 hadde plass i Gasje- og pensjonskomiteen og i Lagtinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Holmestrand Kategori:Folk frå Holmestrand Kategori:Ordførarar i Holmestrand