Pedro Verona Rodrigues Pires () er ein kappverdisk sosialistisk politikar som var president på Kapp Verde frå mars 2001 til september 2011. Han etterfylgde då António Mascarenhas Monteiro.
Før han vart president, var han statsminister frå Kapp Verde fekk sjølvstende i 1975 og fram til 1991, då han vart slått i det fyrste fleirpartivalet i landet.
Pires stilte til val for ein andre periode i presidentvalet som vart halde 12. februar 2006. I dette valet slo han tidlegare statsminister Carlos Veiga og oppnådde 50,98 % av stemmene.
Kategori:Kappverdiske presidentar Kategori:Kappverdiske statsministrar