Harald Ellefsen () er ein norsk forretningsadvokat og politikar, fødd i Oslo, oppvaksen i Trondheim. Han representerte partiet Høgre og Sør-Trøndelag fylke på Stortinget i tida 1982-97.

Ellefsen tok examen artium i 1969 og studerte statsvitskap ved Drew University i 1971/72. I 1976 tok han juridisk embetseksamen på Universitetet i Oslo.

Ellefsen var så politifullmektig ved Trondheim politikammer 1977-78 og dommarfullmektig ved Onsøy sorenskrivarembete 1978-79- Frå 1980 til -88 var han politiadjutant ved Trondheim politikammer.

Frå 1982 til 1997 var Ellefsen stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag. Etter eit lite år som møtande vararepresentant fekk han fast stortingsplass sommaren 1983, då den valde Høgre-representanten Hermund Eian døydde. Sidan 1985 hadde Ellefsen sete på Tinget i tre heile val periodar. På Tinget var han 1982-85 medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen, 1985-89 nestleiar i Justiskomitéen og 1989-97 medlem i Finanskomitéen.

Sidan 1997 har Ellefsen vore advokat i Trondheim, frå 2000 som partner i Steenstrup Stordrange DA. Ellefsen har arbeidd med strategisk rådgjeving, prosjekt- og forretningsutvikling, og påverknad av styresmakter og offentleg forvaltning.

Ellefsen har vore styreleiar i Sofell AS, Malvik Regionale Utvikling AS og Base Midt-Norge AS. Styremedlem var han 1993-2001 i Adresseavisen, 1998-2010 i Folketrygdfondet og frå 2005 i Statskog SF.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske politifolk Kategori:Norske redaktørar Kategori:Journalistar i Aftenposten Kategori:Journalistar i Adresseavisen Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Oslo