mini|300px|Strukturen til amygdalin Amygdalin (CHNO) er eit giftig og cyanogent glykosid som finst i fleire plantar, særleg i frøkjernar i aprikos, bittermandel, fersken, eple og plommer.

Både amygdalin og den modifiserte varianten laetril (CHNO) har sidan 1950-åra blitt fremja i alternativ kreftbehandling, ofte under den misvisande nemninga vitamin B. Korkje amygdalin eller laetril er eigentleg vitamin. Forsking har vist at stoffa ikkje er effektive i behandling kreft, og at dei dessutan er potensielt giftige eller dødelege fordi dei kan føra til cyanidforgifting.

Fremjinga av laetril til kreftbehandling har blitt skildra i medisinsk litteratur som eit mønstergodt døme på kvakksalveri, og som den «sleipaste, mest sofistikerte og desidert mest inntektsgjevande kvakksalvarkampanjen i medisinsk historie.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amygdalin» frå , den 28. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Cyanogene glykosid Kategori:Fenylsambindingar Kategori:Plantegifter Kategori:Alternativ kreftbehandling