Almost in Love er det 39. albumet til Elvis Presley, gjeve ut i november 1970 på billigselskapet RCA Camden. Dette var det første av fleire album på RCA Camden med songar som berre tidlegare hadde vore tilgjengeleg på singlar eller EP-ar.
Her finst mellom andre «A Little Less Conversation» frå filmmusikken til Live a Little, Love a Little frå 1968 og «Rubberneckin», ein singel frå 1969 frå filmen Change of Habit som vart spelt inn i Memphis under innspelingane der i 1969. Songen vart seinare miksa av Paul Oakenfold i 2003.
Songen «Stay Away, Joe» (kjenningsmelodien til filmen med same namn frå 1967) vart feilaktig teken med, sidan han alt var gjeven ut tidlegare i 1970 på samlealbumet Let's Be Friends). Då RCA gav ut Almost in Love på ny i 1973, vart han erstatta med ein annan song, «Stay Away», frå same filmen. Denne hadde ikkje tidlegare blitt gjeven ut på noko album.
Tittelsporet på albumet er ein song frå filmen Live a Little, Love a Little frå 1968. Albumet vart gjeve ut på ny av Pickwick Records med eit anna plateomslag i 1975 og seinare på CD i 2006. Det selde til gullplate og platinaplate 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America. Merk: Søk på «Almost in Love»
Innhald
Det siste sporet vart erstatta på nyutgjevinga i 1973 og CD-utgåva i 2006:
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Almost in Love» frå , den 18. januar 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff CAS-2440 Almost in Love på The Elvis Presley Record Research Database
Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:RCA Camden-album Kategori:Engelskspråklege album