Taras Hryhorovytsj Sjevtsjenko (fødd , død ) var ein ukrainsk diktar, kunstnar og humanist. Mange reknar han som Ukraina sin nasjonalskald.
Biografi mini|venstre|Sjølvportrett av Taras Sjevtsjenko frå 1845 Sjevtsjenko var fødd i 1814 i ein liveigen familie i landsbyen Moryntsi i Tsjerkasy oblast, sentralt i Ukraina. I 1816 flytta familien tilbake til faren sin heimstad Kyrylivka. Taras byrja å læra noko grammatikk hjå ein lokal geistleg (dyak) og å måla, med motiv som hestar og soldatar.Works in 10 volumes. Vol.3. 169-170; Vol.7. Book 2. 347
Mora til Taras døydde i 1823."Osnova" 1862. Book 3. 5Archives, fund 127, descr. 1012, case 1511, sheet 95Works in 10 volumes. Vol.2. 229 Faren gifta seg opp att med ei enkje, men døydde sjølv berre to år seinare.Works in 10 volumes. Vol.3. 170"Osnova" 1862. Book 3. 6Archives, fund 127, descr. 1013, case 164, sheet 798 Taras var elleve.
Taras hadde allereie reist med faren som omreisande handelsmann (tsjumak) i 1824. Dei hadde vitja Zvenyhorodka, Uman og Jelisavetgrad (dagens Kropyvnytskyj).Works in 10 volumes. Vol.3. 129 Som foreldrelaus tente han fleire stader, mellom anna hjå presten i Kyrylivka. I 1828 tente han hjå ein stormann i Vilsjana, men hadde også høve til å ta målartimar.
Då Taras Sjevtsjenko var 14 døydde eigaren av Kyrylivka, Vasiliy Engelgardt. Sonen Pavel Engelgardt arva han,Cherkasy Archives. fund 661. case 120. sheet 3-4 og Sjevtsjenko blei tenar for ein ny herre. Ein kveld i desember 1829 tok Pavel Engelgardt han i å måla eit portrett av kosakken Matvej Platov. Han slo til guten og gav ordre om at han skulle prylast med stokk.Works in 10 volumes. Vol.7. Book 2. 349Works in 10 volumes. Vol.5. 188
mini|venstre|Pavel Engelgardt måla av Taras Sjevtsjenko. Frå hausten 1828 til 1831 var Sjevtsjenko med Engelgardt i Vilno (Vilnius). Få detaljar er kjend om opphaldet. I 1831 drog dei til St. Petersburg. Her sende Engelgardt Sjevtsjenko til målaren Vasiliij Sjiriajev for å få opplæring i målarkunst. På fritida si kunne Sjevtsjenko vitja Sommarhagen, der han avbilda statuane. Han var med på å måla for BolsjojteateretBurachek, M. Great national artist. Kharkiv: "Mystetsvo", 1939. page 13. og laga ein teikning til ei tevling ved Det russiske kunstakademiet."Collection of materials for the history of Imperial St Petersburg Academy of Arts for hundred years of its existence". Vol.2. Saint Petersburg, 1865. page 251Works in 10 volumes. Vol.2. Book 1. 6 I 1833 måla Sjevtsjenko eit portrett av Engelgardt.
Det var medan han var i St. Petersburg at Sjevtsjenko byrja skriva dikt.Works in 10 volumes. Vol.1. 3-8Works in 10 volumes. Vol.7. Book 2. 350, 353 Gjennom den ukrainske kunstnaren Ivan Sosjenko blei han kjend med andre ukrainarar som Jevhen Hrebinka og Vasyl Hryhorovytsj og dei russiske målarane Aleksej Venetsianov og Karl Brjulov. Sistnemnde donerte sitt portrett av diktaren Vasilij Zjukovskij som pris i eit lotteri der inntektene blei brukte til å frikjøpa Sjevtsjenko frå liveigenskapet den 5. mai 1838. Same året blei han teken inn ved det russiske kunstakademiet og studerte under Brjulov.
I 1847 blei Sjevtsjenko arrestert i Kiev for å vera med i den slavofile politiske rørsla «Kyrill-Metodius-brorskapen». Diktet hans Son ('Draum') vekte harme hjå tsarmakta, og han blei dømd til soldatteneste i Orenburg. Seinare blei han halden fanga i festningen Novopetrovsk. Først i 1857 blei han fri frå den brutale forvisinga, men helsa hans var då øydelagd. Han døydde fire år seinare, 47 år gammal. Sjevtsjenko blei gravlagd på ein ås ved elva Dnepr nær den ukrainske byen Kaniv. Åsen er blitt kjend som Tarasåsen.
Dikting mini|Illustrert diktsamling av Sjevtsjenko frå 1844. Diktinga til Sjevtsjenko spegler vanskane både i hans eige liv og i ukrainsk historie, og er prega av human idealisme. Han skildrar idyllisk ukrainsk natur, det tapte frie kosakklivet og det sosiale elendet i samtida. Det største episke verket hans, Hajdamaki (1841), handlar om det kosakkiske bondeopprøret ved Dnepr i 1768.
Sjevtsjenko er særleg kjend for sine poetiske forteljingar om ulykkelege kvinneskjebnar, Katerina og Najmytsjka ('Tenestejenta'), og for kunstnarisk omarbeidde folkeforteljingar som Rusalka («Elva») og Poppelen (med «Lenore»-motivet i ei anna form).
Minnesmerke Tarasåsen er blitt eit nasjonalt minnesmerke og nasjonalreservat i Ukraina.
Det er reist ei bronsebyste i parken Østre Anlæg i København til minne om diktaren, utført av Sergej Boguslavskij.Mindesmærke for Ukraines nationaldigter , kk.dk/da. Besøkt 18. febr. 2014
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taras Sjevtsjenko» frå , og «Taras Shevchenko» frå den 15. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
Engelske oversettelser av Sjevtsjenko Encyclopedia of Ukraine: Sjevtsjenko, Taras Taras Shevchenko Museum of Canada — Detaljert biografi Selvportretter av Taras Sjevtsjenko
Kategori:Ukrainske forfattarar Kategori:Folk frå Tsjerkasy oblast Kategori:Fødde i 1814 Kategori:Døde i 1861