mini|Gulasj er ein ungarsk gryterett. Gryterett eller berre gryte er ein varmmatrett der dei fleste ingrediensane er kokte saman i eit kokekar, gjerne i ein krydra saus.
Nokre klassiske gryteretter er mellom anna frikassé, som kan lagast med kjøt frå høne, kalv eller lam, franske retter som pot-au-feu, ei gryte med kokekjøt, grønsaker, krydder og urter, bouillabaisse med sjømat, kvitvin, lauk, kvitlauk og urter og coq au vin, spekka fjørfe kokt med vin, sopp og kvitlauk.
I moderne matlaging kan retten «gryte» ofte visa til lett- og hurtiglaga halvfabrikata frå poser og pakkar der ein berre tilset til dømes vatn og steikt kjøtdeig og gjev dei eit raskt oppkok før servering.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gryterett» frå , den 12. januar 2017.
Kategori:Middagsretter Kategori:Varmmat