mini|Illustrasjon av eit nettroll. mini|Deltakarar på nettforum blir ofte oppmoda til å ikkje «mata trolla». Nettroll viser til ulike former for uønskt oppførsel på Internett. Den opphavlege tydinga av ordet viste til folk som skriv feil eller provoserande ting for å få respons.;

Trolling i moderne engelsk viser til ein fiskemetode der ein sleper ein krok med påsett agn gjennom vatnet og venter på at noko skal bita på; ein variant av fisketeknikken dorging. Før internettbruken blei trolling brukt som militærslang for det å lura fiendar til å bruka skyts på lokkemiddel i staden for verkelege mål.Pilotar frå US Navy i Vietnam snakka om «trolling for MiGs» i 1972 om bruk av «...decoys, with the mission of drawing...fire away...». Eit nettroll kan tilsvarande seiast å slenga ut eit åte, typisk eit upopulært synspunkt, og venta på at nokon tek det.

Etterkvart har nettroll-omgrepet fått ei vidare tyding, gjerne inspirert av troll frå skandinavisk folketru, eller av bruken av ordet troll om ein stygg eller ubehageleg person. Det kan visa til folk som er kranglevorne eller plagsame, tilmed til personar som plager eller sjikanerer andre på Internett.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Internet troll» frå , den 29. januar 2017.

Bakgrunnsstoff Ta knekken på nettrollene, online.no

Kategori:Internett