Leprabakterien (Mycobacterium leprae) er ein bakterie som valdar leprasjukdomen og ein nær skylding av tuberkelbakterien. Han har den lengste kjende generasjonstida av alle bakteriar. Han har òg vore umogeleg å dyrka i laboratoriet, men kan dyrkast i nibandbeltedyret.
Genomet til leprabakterien syner stor grad av nedbryting; mindre enn halvparten av genomet inneheld verksame gen. Samstundes finst det mange pseudogen i genomet hans som har intakte utgåver i tuberkelbakterien. Leprabasillen har òg eit mykje mindre genom enn tuberkelbakterien; 3,27 megabasar mot 4,41 megabasar.
Leprabakterien vart oppdaga i 1873 av Gerhard Armauer Hansen i hudprøver.
Kjelder
Kategori:Mykobakteriar Kategori:Lepra