Bakteriofag CP-T1 er ein bakteriofag som snyltar på Vibrio cholerae. Han nyttar O-antigenet på lipopolysakkaridet i selleyta til bakterien som reseptor.

CP-T1 har eit kapsid som er 45 nanometer i diameter og ein 65 nm lang og 9,5 nm vid hale som kan trekkjast saman. Han har eit DNA-genom på noko over 40 kilobasar.

Kjelder

Kategori:Bakteriofagar